RESPONDER - Daniel Hole © 2017 

Aktuelt:

• 110 slukkeskum »

Eit godt supplement til tradisjonelt slukkeutstyr.

Beredskap for ulukker og sjukdom

Bakgrunn

Det er viktig å bidra med fyrstehjelp når akutt sjukdom eller ulukker oppstår. I fleire tilfelle kan enkle fyrstehjelpstiltak før hjelpa kjem vere heilt avgjerande for utfallet. Den profesjonelle redningstenesta er som oftast ikkje "rett rundt hjørnet" når slike hendingar oppstår og i påvente av profesjonell hjelp er det viktig at du som fyrstehjelpar har grunnleggjande kunnskapar som gjer deg handlingsdyktig.

Fyrstehjelp er eit vidt omgrep, som kan omfatte alt frå enkle lindrande behandlingstiltak som t.d. å ta handa under vatn og kjøle ned ein brannskade, til meir avanserte tiltak som hjarte- lungeredning med hjartestartar ved hjartestans. Konsekvensane av manglande kompetanse og handling i desse situasjonene er veldig ulik. Gjer ein ingenting med den brannskadde handa er konsekvensen sterkare smerter og kanskje varige skadar, men livstrugande vert det ikkje. Dersom ein ikkje gjev riktig fyrstehjelp ved hjartestansen, kan utfallet diverre verte tragisk. Hjartestans er ein ytterst kritisk tilstand, for eit vellykka resultat er ein avhengig av at alle ledda i behandlingskjeda fungerer. Din fyrsteinnsats før lege og ambulanse kjem til staden gjer at ein "kjøper tid" og aukar sjansen for vellukka resultat. Me som arbeider med akuttmedisin vert veldig glade når me kjem fram til hjartestans og ser at dei som er på staden har sett i gang med god fyrstehjelp. Det er likevel slett ikkje sikkert at ein lukkast, men då kan ein trygt seie at behandlingsledda fungerte og ein har gjort det ein kunne.  

Beredskap

Det å tenke gjennom og ha ein plan for det som kan skje er viktig. Ulukker og sjukdom kan oppstå i heimen, på arbeidsplassen, eller kort sagt overalt. For å stå godt rusta for å handsame slike situasjonar er det viktig at ein har planarverk, utstyr og ikkje minst kunnskap som set oss i stand til å bistå. Risikoutsette arbeidsplassar har ofte eit godt innarbeidd HMS system med fokus på dette. Enkelte stader forblir dette eit teoretisk planverk som ikkje fungerer i praksis, medan det andre plassar fungerer etter intensjonane.

Beredskapen må tilpassast risikoen som er tilstades. Ein må m.a. reflektere over kva som kan skje, når ein kan forvente å få profesjonell hjelp og kva utstyr og kompetanse som bør vere tilgjengeleg. Fokuset i enkel fyrstehjelp bør i hovudsak vera livreddande tiltak der tidsfaktoren er så kritisk at ein ikkje har tid til å rådføra seg med medisinsk nødtelefon 113.

Beredskap er også noko som kan gje positive ringverknader. Dei tilsette føler seg tryggare og ivaretekne. På t.d. eit hotell vil ein synleg plassert hjartestartar verte lagt merke til av gjestene. Dei også føler seg tryggare. 

Kva tilbyr Responder?

Responder har fokus på å levere tenester og produkt av høg kvalitet. Me tilbyr kurspakker, relevant utstyr og serviceavtalar på t.d. hjartestartar og anna forbruks-materiell. Undervisningspersonellet er fortrinnsvis helsepersonell som til dagen arbeider i profesjonell ambulanseteneste. Dette gjer at ein kan relatere undervisninga til eigne erfaringar og inntrykk og få gode diskusjonar i undervisninga.

Fyrstehjelp redder liv!

Alle kan lære fyrstehjelp!

Kanskje du kan redde eit

liv ein dag?