RESPONDER - Daniel Hole © 2017

Aktuelt:

• 110 slukkeskum »

Eit godt supplement til tradisjonelt slukkeutstyr.

Kurs og instruksjon

Responder tilbyr kurs og undervisning på Voss og områda rundt. Kvar enkelt kunde har ofte spesielle ynskje eller behov ofte ut i frå risikobiletet i verksemda og dette tilpassar me etter nærare avtale. For å oppnå god læring og gje god oppfølging, spesielt under dei praktiske gjennomføringane er 10-15 deltakarar det idèelle dersom det er ein instruktør på kurset.

Etter gjennomført kurs vil kursbevis/-dokumentasjon verte utferda til deltakarane.

Som eksempel kan følgande kurspakker nemnast:

- Kurs i bruk av hjartestartar (DHLR)

- Grunnkurs i generell fyrstehjelp - 5 timar

Eksempel på yrkestilpassa fyrstehjelpskurs:

- Fyrstehjelpskurs for tilsette i barnehage eller skule

- Fyrstehjelpskurs for tilsette i elektroverksemder

- Fyrstehjelpskurs for tilsette i brannvesen eller industrivern

- Fyrstehjelpskurs for tilsette i indutri- og entreprenørbransjen

- Fyrstehjelpskurs for deg med omsorg for eldre

På dei spesialtilpassa kursa ynskjer me at verksemdene kjem med innspel til eit emne me skal gå ekstra grundig gjennom. Dette kan vere gjennomgang av eige utstyr, varslingsrutiner, eller ekstra fokus på eit fyrstehjelpsemne.

Felles for alle kursa er at det er dei livreddande tiltaka det vil verte lagt størst vekt på. Enkelte tilstandar er så tidskritiske at ein ikkje har tid til å ringe å rådføre seg. Hjartestans og alvorlege blødningar er eit eksempel på dette. Det er sjølvsagt også viktig å ha kjennskap til andre symptom og behandlingstiltak, men i mange tilfelle vil det vere fornuftig å rådføre seg med medisinsk nødtelefon 113, der dei kan koma med råd og rettleiing.

Fyrstehjelp redder liv!

Alle kan lære fyrstehjelp!

Kanskje du kan redde eit

liv ein dag?